Det mobiliseres til økt birøkt i Sogn

PolliVest - (ein ny prosjektsatsing for å auke bruk av bier i frukt- og bærdyrkinga), Gartnerhallen SA og Sogn Birøktarlag inviterer til møte for å informera om kva birøkt er, og kva som trengs for å starta opp med birøkt.

Stad: Kjellaren på Kafe Krydder, Parkv. 6, Sogndal.
Tidspunkt: Måndag 7 mars kl 19.00.
Deltaking kr 100, inkludert enkel servering.  Betaling når de kjem på møtet.
Av omsyn til serveringa, ber vi om påmelding innan fredag 4. mars kl. 12.00
Send epost med påmelding  til nina.heiberg@gartner.no. Møte er ope for alle interesserte.
 
Bisamfunnet er eit fascinerande studieobjekt, og som birøktar vert du aldri utlært. Difor er det mange vel birøkt som hobby eller næring.  Det er spesielt i byane at interessa har auka i det siste, med eigne lokallag i Noregs Birøktarlag som vert kalla Bybi.  Berre i løpet av siste året har Noregs Birøktarlag fått 600 nye medlemmer. Her i fylket er det altfor få, vi treng ein Bygdebi-mobilisering,  både for å dekke trongen til  utleige av bikubar  til pollinering i dei mange frukt og bærhagane i fylket, og for å få auka honningproduksjonen. Norske forbrukarar ynskjer meir norsk honning. 
Marco Neven er ein røynd birøktar frå Lærdal og han vil innleie. Det er sett av god tid til spørsmål.
 
 

Aktivitetskalender

Sesongens aktuelle
Tid for birøkterkurs