Varroa påvist i Sogn og Fjordane

Fra Mattilsynet får vi melding om at varroamidd er påvist i Sogn og Fjordane. Midden er funnet på bier som er flyttet til Sogn i strid med regelverket.
Biene er avlivet og destruert og nabobigårdene er båndlagt og vil bli prøvetatt nærmere.
Det er tett og god kontakt mellom Mattilsynet, Sogn birøkterlaget og Norges Birøkterlag sentralt i denne saken.

Her er teksten i det Mattilsynet har sendt ut i en pressemelding:
Bieparasitt funne i Sogn og Fjordane
Varroamidd er no påvist hjå bier i Sogn og Fjordane for fyrste gong. Bieparasitten vart funne på bier som er flytta til Sogn og Fjordane i strid med regelverket. Det er forbode å flytte bier frå regionar med varroamidd, til regionar som ikkje har  denne parasitten.
Mattilsynet ser alvorleg på saka, og biene det gjeld er avliva og destruert.
-Det er uhyre viktig at  alle som driv med birøkt set seg inn i og følgjer regelverket for birøkt, slik at vi kan hindre spreiing av smittsame biesjukdomar, sier avdelingssjef Rune Myklatun  i Mattilsynet– Her har kvar enkelt birøktar eit viktig ansvar.
Store konsekvensar
Varroainfeksjon har store konsekvensar. Midden fører til sjukdom og død hjå biene. For birøktaren fører midden til nedsett honningproduksjon, meir arbeid og auka utgifter.
I områder med varroamidd er det naudsynt med regelmessig behandling av biene for å halde mengda av midd nede. Det er i dag ikkje mogeleg å fjerne midden frå ei bikube utan å drepe biene.
Slik spreier smitten seg
Smitten spreier seg ved direkte og indirekte kontakt mellom bier. All flytting av bier og brukt utstyr, til dømes sal, vandring og import kan spreie parasitten til nye områder.
Slik oppdagar du Varroa
Parasitten gjer biene urolege. Midden overfører virussjukdomar som kan ta livet av biene, og tal bier vert redusert.
Ofte er det funn av misdanna bier som gir mistanke om varroa. Infeksjon med virus kan føra til at biene blir mindre og får misdanna vengjer, bein, bryst eller bakkropp. Midd kan finnast i nedfall frå bikuben, eller direkte på yngel og vaksne bier. Parasitten er vanskeleg å oppdage den første tida etter smitte. Dei første to åra kan det vere få eller ingen ytre teikn på at noko er gale.
Meld frå til Mattilsynet!
Dersom du oppdagar eller har mistanke om varroamidd på bier i Sogn og Fjordane, må du varsle Mattilsynet om dette.
Mattilsynet jobbar vidare med å kartleggje eventuell smittespreiing i fylket.
Registrer bigarden din!
Alle som har bier må registrere bigarden sin hjå Mattilsynet. Dette er viktig for å kunne kartleggje  smitte.
For meir informasjon om parasitten: Lenke til  Norges Birøkterlag norges-birokterlag.no
Kontaktperson: Rune Myklatun, mobil 977 51 024

Aktivitetskalender

Sesongens aktuelle
Tid for birøkterkurs