Kurs i pollineringsretta birøkt

Kurset for deg som vil starte med birøkt for pollinering i eigne hagar/felt eller deg som har bier og vil utvida med utleige av kuber til pollinering.
Alle produsentar av frukt og bær har nytte av bier. I dag er det for få birøktarar til at vi dekker den store «frukthagen Sogn og Fjordane» og vi har eit stort unytta potensiale for auke i avlingar og betre økonomien. Prosjektet «Pollineringsretta Birøkt» er ei pilotsatsing for å få fleire røktarar i gang og målet er å utdanna 15 nye pr. år i tre år framover.

Kurs i pollineringsretta Birøkt 25.-26 april 2015.

Tema på kurset:

-biologi i pollineringsretta birøkt, biehelse

-forskrifter og regelverk, KSL og HMS

-økonomi og driftsopplegg i pollinering

- plassering av bikuber i felt

Alle produsentar av frukt og bær har nytte av bier. I dag er det for få birøktarar til at vi dekker den store «frukthagen Sogn og Fjordane» og vi har eit stort unytta potensiale for auke i avlingar og betre økonomien. Prosjektet «Pollineringsretta Birøkt» er ei pilotsatsing for å få fleire røktarar i gang og målet er å utdanna 15 nye pr. år i tre år framover.

Kurs i pollineringsretta Birøkt 25.-26 april 2015:

Kurset vil gjere deltakarane i stand til å kunne røkte bier og nytte biene sin evne til å pollinere som grunnlag for birøkt og pollinering som næring.

Stad: Stend Vidaregåande Skule i Fana, Bergen

Målgruppe:

Etablerte og erfarne birøktarar som vil drive med utleige av bikuber for pollinering.

Påmelding: til Sogn Jord- og Hagebruksskule på e-post: paamelding.sjh@sfj.no

Få med faktura adresse, mobilnr, organisasjonsnr.

Påmeldingsfrist: 15. april 2015

Pris: kr 1800,- inkludert kurskompendium, servering og rådgjeving og oppfølging etter kurset.

Overnatting må deltakarane ordne sjølv

Arrangør:

Ressurssenteret ved SJH i samarbeid med Hordaland Birøkterlag

For meir informasjon ta kontakt med Marco Neven: 90108484, sognebia@frisurf.no

Kursplan : Pollineringsretta birøkt Laurdag 25. april 2015

Kl. 09:30-10:00

Registrering/kaffe

Kl. 10:00-10:10

Opning

Kl. 10:10-12:00

Kurs

Kompendium pollinering (kl. 10:10-13:30):

Frørelatert befruktningsbiologi

Kl 12:00-12:10

Pause med kaffe/ te og lett servering

Kl 12:10-13:30

Kurs

Pollinerande insekt

 

Tilrettelegging for god pollinering

Kl. 13:00

Felles lunsj

Kl. 14:00-16:00

Kurs

Kompendium pollinering (kl. 14:30-18:00):

Planteart-spesifikk pollinering – ulike aktuelle kulturar

Kl. 16:00

Pause m kaffe/te

Kl. 16:20-18:00

Kurs

Regelverk og rammer som har innverknad på pollineringsretta birøkt: Forskrifter, KSL, HMS m.m

 

Transport og flytting av bikuber

Kl. ca kl 18:00

Slutt

Søndag 26. april 2015

Kl. 09:00-10:30

kurs

Kompendium pollinering

Det økonomiske potensiale for honningbienes pollinering

Kl. 10:30-10:40

Kaffepause

Korleis komme i gang med leigepolliering

 

Administrasjon av pollineringsoppdrag

Kl. 12:30-13:30

Felles lunsj

Kl. 13:30-17:00

Kurs

Førebuing og stell av biene

Korleis førebu og påverke og planlegge bisamfunnet slik at biene er i pollineringsmodus til rett tid

 

Kubestell under pollineringsoppdrag

16:45-17:00

Oppsummering og avslutning

Aktivitetskalender

Sesongens aktuelle
Tid for birøkterkurs