Pærebrann påvist i ny kommune

Pærebrann (Erwinia amylova) er påvist i Meland kommune. Kommunen vil med forskriftsendring bli flytta frå ”observasjonssona” til ”bekjempingssona” for pærebrann. Funnet vart gjort på Frekhaug, og Mattilsynet vil gjennomføre ein ryddeaksjon for å fjerne dei mest mottakelege vertsplantane frå privat og offentleg grunn i dette området.

Ikkje flytt plantar og bikubar ut av området!

Rådgjevar Brita Toppe ved Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane fortel at pærebrann er etablert i Bergen, der vertsplantar som bulke- og pilemispel finns i rikt mon. – Den fuktige sommaren har vore optimalt for utvikling av sjukdomen, og Mattilsynet har fått mange meldingar om pærebrann frå publikum i ulike bydelar, seier Toppe.

Brita Toppe meiner det er urealistisk å klare å fjerne all pærebrannsmitte frå Bergensområdet, men Mattilsynet arbeider utifrå målsetjinga om at smitten ikkje skal spreiast herfrå til smittefrie soner. – For å lukkast med dette er vi avhengige av at bikubar og vertsplanter ikkje vert flytta ut av smitta område, samt at alle ryddar sjuke plantar frå eigen grunn. Ei plante som er smitta av pærebrann vil produsera store mengder bakteriesmitte dersom den blir ståande. Det er difor veldig viktig at alle bidrar og fjernar sjuke planter frå eigen hage, seier ho.
Les mer her.

Aktivitetskalender

Sesongens aktuelle
Tid for birøkterkurs